Kven av desse er best?

Forfattar, kritikar og kulturjournalist i Vårt Land, Alf Kjetil Walgermo, ser i denne artikkelen nærare på bokåret 2023 og særleg dei fire nominerte bøkene til Ungdommens kritikarpris 2024. Teksten er basert på eit føredrag Walgermo heldt på lærarseminaret 1. februar.

Vigdis Hjorth, Maria Navarro Skaranger, Pedro Carmona-Alvarez og Erlend O. Nødtvedt er nominert til Ungdommens kritikerpris for dei nye bøkene sine. Her er ein liten gjennomgang av kandidatane.

Dei fire nominerte bøkene til Ungdommens kritikerpris er gode leseopplevingar – og diskusjonstartarar. Ingen av dei er skrivne på nynorsk, men kjønnsbalanse og aldersspreiing er god. Kanskje går det an å seie at to av forfattarane høyrer til blant den yngre litterære garde, det vil i dette tilfellet seie at dei er under 40 år. Ein av dei har nyleg fylt 50 og den eldste fyller 65 til sommaren.

Før eg presenterer kandidatane, skal eg ta eit raskt sveip gjennom bokåret 2023 og peike på eit par andre av bøkene som har fått kritikarros og prismerksemd. Blant bøkene eg sjølv såg for meg kunne vere aktuell til prisen, og som iallfall ville passe godt til litterære diskusjonar i klasseromma, er den unge debutanten Oliver Lovrenskis roman, Da vi var yngre. Romanen fekk strålande kritikkar i ei rekke medier, vann Bokhandlerprisen og var nominert til Brageprisen. Lovrenski er no også nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Romanen er ein oppvekstroman med rus og ungdomskriminalitet i brennpunktet, ein moderne bad boy-versjon av Lars Saabye Christensens Beatles. Vi følgjer dei fire kompisane Ivor, Marco, Arjan og Jonas sett med Ivors blikk.

Den omfattande sjargongen i Lovrenskis bok forstyrra meg litt i starten, nesten så eg først fann teksten krevjande å lese. Etter kvart kom eg likevel ordentleg inn i leserytma – og fann dessutan slang-ordlista i slutten av boka – og enda med å like boka skikkeleg godt. Ho er både hardkokt og mjuk, noko som er umogleg å få til med eit egg, men som er mogleg å få til i litteraturen. Sjølv om ungdommane er på køyret og har sjølvdestriktiv åtferd, med ran og langing som daglegdagse aktivitetar, får eg sympati for dei og ønsker at dei skal finne fram til betre livsspor. I større grad enn andre romanar som kom ut i fjor, har Lovrenski eit litterært språk som er tett på mange ungdommars kvardag. Han skriv elles utan store bokstavar og – som Jon Fosse i mange av dei seinare bøkene sine – utan punktum.

Nobelprisåret
Det bringer oss over til Fosse, som elles er heilt ulik Lovrenski. I fjor vann Fosse den største litteraturprisen av dei alle, nemleg Nobels litteraturpris – ei litterær storhending som dei færraste som er busett i dette landet kunne unngå å få med seg. Det har vore Fosse i alle kanalar. Ja, no har eg endåtil ein gullforgylt Jon Fosse-kopp ståande heime i kjøkkenskapet, kjøpt i nynorsk gledesrus hos Noregs Mållag!

Jon Fosses Kvitleik ville også ha vore ein interessant kandidat å vurdere til Ungdommens kritikerpris. Boka er kortfatta og korthogd, men eksistensiell. Ho opererer i det typiske Fosse-spennet mellom mørke og lys, har både djupt alvor og ein liten dose humor – om ein mann som køyrer seg fast i snøen langt inne i skogen, og deretter tek beine vegen inn i skogen i staden for å gå attande for å søke hjelp. Fosses måte å snakke om døden på er eksepsjonell, og boka må reknast med i det øvre sjiktet av dei mange titlane han har gitt ut. Likevel er det heilt greitt at ikkje Fosse – som faktisk ikkje fekk prisar som Kritikerprisen og Brageprisen for beste skjønnlitterære vaksenbok før i 2021(!) – heller ikkje er nemnd i denne prisrunden. Alle kjenner til Jon Fosse no og veit at dei bør lese han. Kvitleik er ein god og overkomeleg plass å starte.

Heller ikkje Frode Grytten, som fekk Brageprisen i fjor for romanen Den dagen Nils Vik døde, er nominert til Ungdommens kritikerpris. Noko i Gryttens roman kan faktisk minne om Fosse – sjølv tenkte eg på Morgen og kveld då eg las om den aldrande Nils Vik ved vestlandsfjorden: «Over fjorden går han. Over fjorden utan å nøle. Over fjorden som så mange gongar før. Seint og tidlig. Morgon og kveld. I storm og stille. Mot aust og mot vest.» Grytten har likevel skrive ei storarta og sjølvstendig bok som fortener både pris og kritikarros. Men nominert til Ungdommens kritikarpris, og dermed også Kritikarprisen, blei hos altså ikkje.

Så er det jo også slik at dei fleste bøker ikkje blir nominert. Sjølv ikkje gode bøker, eller svært gode bøker. Ei rad med kritikarroste namn frå bokåret i fjor kunne også vore med i prisdiskusjonen. Eg nemner ikkje fleire her, for då blir det urettvist mot alle dei gode bøkene eg ikkje får nemnt. Dessutan står vi att med fire kandidatar som er både verdige og interessante. Det er desse det skal handle om her. La oss ta eit blikk på bøkene, ei etter ei.

Gjentakelsen – på fleire vis
Med romanen Gjentakelsen blei Vigdis Hjorth det gjentakande namnet på nominasjonslistene for bokåret 2023. Ho var også nominert til Bokhandlerprisen og Brageprisen. Boktittelen hennar gir eit visst peik til den danske filosofen Søren Kierkegaard, som Hjorth interesserer seg for, og boka Gjentagelsen frå 1843. Lenger framme i pannebrasken for mange lesarar er nok likevel den store verkelegheitsdebatten som Vigdis Hjorth hamna midt i etter utgivinga av romanen Arv og miljø i 2016. Romanen om fire søsken som skal fordele arv, blir i første rekke hugsa for hovudpersonen Bergljots incest-skuldingar mot faren: Han skal ha forgripe seg seksuelt på henne då ho var ei lita jente. Aftenposten starta debatten kring boka med å stille spørsmålet om Hjorth i romanen skulda sin eigen far for seksuelle overgrep. Dermed kokte det. Etter kvart kom endåtil Vigdis Hjorths søster, Helga Hjorth, med mot-romanen Fri vilje (2017), som teikna eit heilt anna bilete av situasjonen.

Debatten bør ein ha i bakhovudet når ein les Gjentakelsen. Som tittelen indikerer: Her er det noko som har skjedd i forkant. Boka kan likevel også lesast som ein sjølvstendig roman utan å trekke inn verkelegheitsdebatten som kom i etterkant av Arv og miljø. Boka kan lesast med stort utbytte ikkje minst fordi Hjorth skriv så innlevande om korleis det er å vere 16 år og om det vanskelege forholdet til ei gjennomkontrollerande mor. Samtidig ligg det altså eit større alvor og dirrar under teksten, som kjem tydelegare og tydelegare fram i små drypp. Forteljinga er konsentrert, og Hjorth teiknar opp både traume og lengsler for oss med like stor kraft. Hovudpersonen, som blir vakta på og forsøkt halden nede, har ein enorm styrke i seg. Det er gjennom diktinga ho skriv seg vidare i livet – frå den første fiktive skildringa av eit samleie i si eiga dagbok.

Ei plaga kvinne
Også Maria Navarro Skarangers roman, Jeg plystrer i den mørke vinden, har eit bakteppe i forfattaren sin eigen bibliografi. Skaranger tek nemleg utgangspunkt i ein person frå den førre romanen sin, Emily Forever. I den romanen var Sidsel biperson, som mor til Emily. No har ho rolla som hovudperson.

Tittelen, Jeg plystrer i den mørke vinden, er henta frå den brasilianske forfattaren Clarice Lispectors Stjernens time, som kom ut på norsk det same året som Skaranger debuterte med Alle utlendinger har lukka gardiner i 2015. Skaranger forteljargrep, der forteljaren stadig bryt inn i den fortalde handlinga med sine eigne refleksjonar og tankar, er etter alt å dømme inspirert av Lispector.

Forteljaren «plasserer» Sidsel i ulike settingar, og teksten sirklar inn hovudpersonen, ofte gjennom kortfatta skildringar som på eit tidspunkt går heilt inn i sjukejournalspråket: «Konfirmeres 15 år gammel. Hun er normalt utviklet, kroppslig og psykisk. Menstruerer normalt. Moralsk god. Hun har levd under gode livsvilkår.» Ei stigande uro følgjer meg som lesar, for Sidsel er eit plaga menneske. Samtidig er det som om forteljaren nyanserer, så vi ikkje heilt er sikre på om Sidsel er på veg mot avgrunnen.

Jeg plystrer i den mørke vinden blir såleis ei særprega leseoppleving, som er meir utfordrande forteljarteknisk enn til dømes Vigdis Hjorths roman, men som heller ikkje er vanskeleg tilgjengeleg. Kapitla er mange og korte, ofte svært korte. Til saman får vi eit interessant og samansett kvinneportrett av ei moden kvinne, med blikk både på hennar eigen oppvekst og på rolla hennar som mor og bestemor.

Roman om flukt
Den tredje nominerte er Pedro Carmona-Alvarez med romanen, Chiquitita. Hovudpersonen er ei lita jenta som blir skildra av den modne kvinna mange år seinare. Ho blir dessutan formidla via den same kvinna som ung og nyforelska, framfor ei bilete av ein hund på eit kunstgalleri i Europa. Her bryt den unge kvinna saman i gråt. Kvifor? Kjærasten hennar ber henne om å fortelje livshistoria si, fortelje henne alt.

Og fortelje gjer ho, fortelje gjer Pedro Carmona-Alvarez, om oppveksten til den vesle jenta i eit langstrekt land vi kan rekne med er Chile – landet som forfattaren sjølv flykta frå som politisk flyktning i barndommen. Flukt er hovudtematikken i romanen, samtidig som forteljinga brukar mykje tid på å etablere barndomsmiljøet til jenta Marisol. Det er ho som er Chiquitita, som tyder «vesle jente» på spansk.

Carmona-Alvarez’ roman er delt i tre, der den første og lengste delen tek for seg oppveksten med foreldre, onklar, tanter og bestemor i heimlandet. Del to, som er halvparten så lang, tek for seg flyktning- og transittida i nabolandet. Tredje og siste del, den kortaste, handlar om ankomsten til og det nye livet i Noreg.

Tidsaspektet er tredelt, på same vis som romanstrukturen. Forfattaren flettar saman dei ulike tidene i ei saumlaus forteljing. Han opererer heile vegen på barnet sitt premiss, samtidig som han også nyttar seg av den modne forteljaren sitt tilbakeblikk. Likt Vigdis Hjorths og Maria Navarro Skarangers romanar blir sjølve forteljarsituasjonen tematisert i teksten – kanskje den fremste likskapen mellom dei tre nominerte prosabøkene.

Ved sida av tidsaspektet og den aktuelle, samfunnsrelevante flukttematikken er det språket som først spring i auga i Carmona-Alvarez’ roman. Forfattaren er poet og det poetiske blir med han inn i romanen. Dei pregnante og presise skildringane er mange. Gjennomgåande handsamar han den nokså tunge tematikken på ein lettfatteleg og poetisk måte.

Draumefangar
Boka som sjangermessig stikk seg mest ut blant dei nominerte, er Erlend O. Nødtvedts diktsamling, Olav Nygards seng. Også denne har peikarar attende til eldre bøker. Kort fortalt har det poetiske eg-et skaffa seg Olav Nygards gamle, sjølvbygde seng, som han installerer på loftet. Tanken er «å høste av de oppmagasinerte visjoner» som måtte ligge i sengebotnen til den berømte diktaren:

La meg hvile og bygge / i nygardsomrisset /
kun på dette leiet kan draumen sanke /
det min vakne tanke trår men aldri finn

Vi forstår at ein del av innhaustinga inneber dialog med Nygards eigen lyrikk. Men ikkje berre med Nygard – Nødtvedt nyttar seg av eit vell med samtalepartnarar på si draumeferd, ikkje minst Bibelen.

Nødtvedt er ein sprelsk forfattar som ofte har originale utgangspunkt for bøkene sine, som i den burleske vestlandsodysséen Vestlandet eller Mordet på Henrik Ibsen. Det sprelske er i høgste grad til stades også i Olav Nygards seng, som er både høgstemt og morosam i sitt forsett om å gå søvnen og draumen etter i saumane.

Eg assosierer dels til det klassiske norske mellomalderdiktet Draumkvedet, der Olav Åsteson sovnar på julaftan og ikkje våknar igjen før tretten dagar seinare. Nødtvedts eg-person, på si side, skildrar tretten netter i Olav Nygards seng. På desse nettene drøymer han 96 draumar, med tematikkar frå «Føder Guds sønn» til «Mann med løvehode». Både humor og eksistensielle innsikter kjem altså i kjølvatnet av den nattbaserte forskinga i Olav Nygards seng.

Ei av desse bøkene stikk altså av med Ungdommens kritikarpris. Førebels kan vi seie at dei fire nominerte bøkene allereie no kan utropast til fire av dei mest interessante titlane som kom ut i fjor.

Av Alf Kjetil Walgermo.