Juryklasse: Årstad vgs
Vi er 25 elevar som går påbygg på Årstad vidaregåande skule i Bergen sentrum, kor vi er 18 jenter og 7 gutar. Vår klasse har elevar frå heile Vestland fylke, og dei fleste var ukjente for kvarande i starten av skuleåret. På grunn av dette har vi ein veldig samansett, men samansveisa gjeng, og vi er ikkje redde for å diskutere. Dette gleder vi oss til å bruke når vi vurderer bøkene.
I tillegg til alle våre 25 elevar, har vi vår fantastiske norsklærar Silje. Ho er ein lesehest og veldig engasjert i prosjektet. Dette engasjementet smittar over på oss og gjer det enda kjekkare på skulen. Ho er og ein viktig del av klassemiljøet, og motiverer oss til prosjektet.
Vi elevane er frå forskjellege land, har forskjellege morsmål og forskjellege kulturar. Dette gjer at vi har mange ulike synspunkt på ting, deriblant bøker. Alle har ulik leseerfaring, alt frå å aldri ha lese ei einaste bok, til å lese regelmessig. Klassen er veldig fornøgd med bøkene, for me føler det er noko for ein kvar smak. Alle er positivt innstilt og gleder seg veldig. Vi gleder oss òg til å møte dei andre klassane, og diskutere bøkene med dei.
Skrive av Trude Ljones, Balder Sidar Skjold og Katja Wolff, elevar i 3PBB ved Årstad Vidaregåande skule