Ungdommens kritikarpris presenterar 3TT1, Kristiansund vgs.

Kristiansund vidaregåande skule ligg på Nordmøre og har omtrent tusen elevar og studentar. Vi heiter klasse 3TT1  og går eit løp på fire år. Det er kalla tekniske allmenne fag. 

3TT1 ved Kristiansund vgs.

3TT1 ved Kristiansund vgs.

Gjennom dei fire åra vekslar vi heile tida mellom vanleg skulegang og praksis som lærlingar. Vi har spesiell studiekompetanse med full fordjuping i matematikk og fysikk, også kjend som realfagskompetanse. I tillegg har vi ein mekanisk bakgrunn frå vg1 TIP, kjend som gamle mekken. På vg2 var klassa delt inn i to, alt etter kor vi har lærlingplass. Den halvdelen av klassa som skal ha fagbrev som industrimekanikar hadde vg2 Industriteknologi. Den andre halvdelen, som skal ha fagbrev som prosessoperatørar, hadde vg2 Kjemi/prosess.

Elevane i klassen er utplassert på mange forskjellige arbeidsplassar. Vi er 4 mekaniske lærlinger og 6 lærlinger innen kjemiprosess. To stykker er på Statoil Tjeldbergodden, to på Shell Nyhamn, Algea, Tine Ålesund, Triplex, FMC, Certex Offshore services, Solberg Ändersen A/S.

Er vi glade i å lese? Ja, tja og kanskje. Vi er i alle fall ikkje redd for utfordringar. I fjor haust kasta vi oss med i prosjektet Bokryggpoesi og booking, og havna i boka til Tiger Gartè og Roger Pihl. Nå gler vi oss til å lese og diskutere og ta ein tur til Oslo for å vere med på prisoverrekking. Følg oss på bloggen: http://tafbloggen.blogspot.no/