Ein gong var dei ulvar

Ein gong var dei ulvar

Therese Tungen Aschehoug 2017

Nominasjonsjuryens grunngjeving:

Ein gong var dei ulvar inneheld seks lange og heilstøypte noveller som alle etterlèt lesaren i uro. Personane til Tungen blir plasserte i krevjande situasjonar, og lesaren får kjenne på eit mangfald av engstelege stemningar: Tungen slepper jamleg ukontrollerte og farlege element inn i forteljingane sine, og dødsmedvitet følgjer lesaren gjennom heile samlinga. Men Tungen meistrar både novelleforma og språket suverent, og temmer såleis denne uroa til stor litteratur.

Novellene er forfriskande varierte i miljø, toneleie og tematikk, og dei lener seg lett mot ulike sjangrar. Likevel kjenner lesaren seg ivaretatt av den autoritative forfattarrøysta. Tungen er både tradisjonsmedviten og original. Ho komponerer og timar forteljingane godt, og gjer forsiktig, men finstemt bruk av komikk, utan at det eksistensielle trykket blir dempa av det. Korleis møter mennesket kaos og katastrofar? Kva slags krefter kan vi rå over, og kva slags krefter er for sterke til at vi kan stå imot?

Det er eit mørkt og ganske brutalt univers i Tungens stilsikre og modige noveller. Spørsmåla dei reiser, er like viktige for det einskilde mennesket som for samfunnet og naturen rundt. Og inn i mellom finst det også lys.

Legg inn din anmeldelse

Koble til Facebook for å få et bilde av deg selv

Foreningen !les forbeholder seg retten til å godkjenne og redigere anmeldelser. Anmeldelsene vil kunne bli sitert/brukt av Foreningen !les i andre sammenhenger. E-post-adressen blir ikke vist offentlig. Les om hvordan skrive en anmeldelse her.

Til toppen