Syngja

Lars Amund Vaage Oktober 2014

Nominasjonsjuryens begrunnelse:

«Lars Amund Vaage skriv om å få eit barn med autisme og å leve med dette barnet inn i vaksen alder. Lesaren blir med på den vonde oppdaginga av at barnet, G, er annleis. Vi blir med på møte med hjelpeapparatet, fylgjer med G på institusjon når ho blir eldre, og blir med foreldra i møte med barnet sine besteforeldre og i veneflokken. Det handlar mykje om å leve med eit autistisk menneske, men det handlar like mykje om språk: «Eg fødde eit barn som ikkje delte mine ideal eller draumar, men som gav meg nokre andre draumar i staden. Dei draumane som eg enno ikkje kan drøyma. Dei forteljingane dette barnet fortalde, skal eg aldri nå. Det språket som ikkje er språk, kan me ikkje gjenskapa». Forfattaren skriv fram G med vørdnad og respekt. Han lyfter fram det å vere annleis på ein måte som opnar for innleving og forståing. Og så er det eit framifrå stykke litteratur, språkleg, stilmessig og som komposisjon heilt i toppklassen.»

Legg inn din anmeldelse

Koble til Facebook for å få et bilde av deg selv

Foreningen !les forbeholder seg retten til å godkjenne og redigere anmeldelser. Anmeldelsene vil kunne bli sitert/brukt av Foreningen !les i andre sammenhenger. Epostadressen blir ikke vist offentlig. Les om hvordan skrive en anmeldelse her.

Til toppen