Vestlandet

Erlend O. Nødtvedt Aschehoug 2017

Nominasjonsjuryens grunngjeving:
Erlend O. Nødtvedts prosadebut er ein vilter road-roman frå den våte landsdelen i vest. Poeten Erlend og biletkunstnaren Yngve er på kjøret i ein gammal Toyota Camry, og i bagasjerommet ligg hovudskallen til bondeopprøraren Anders Lysne, som blei halshogd i Bergen i 1803. Skallen skal heim til Lærdal, koste kva det koste vil.

Vestlandet er minst like mytisk som det er konkret og fysisk i Nødtvedts versjon. Regnet høljar ned, alkoholen strøymer gjennom strupane, og Nødtvedt skildrar meisterleg dei synene og sinnstilstandane som oppstår. Han brukar eit mangfald av språkformer, og blandar bokmål og nynorsk med dialekt, men også spøk og skjemt med stemningsfulle skildringar av indre og ytre landskap. Som romanforfattar utnyttar han den forteljande forma til å overdrive og karikere, og til å skrive både døde og levande vestlandskunstnarar inn i eit storslått kulturhistorisk portrett av landsdelen.

Vestlandet er ein humørfylt hyllest til små og særprega lokalsamfunn og til Vestlandet som motstandens region. I tillegg er den eit kvast angrep på sentralmakta på Austlandet. Romanen er burlesk og satirisk, men seriøs nok, når det kjem til stykket: Kva kan gå tapt av sjølvstyre og eigenart når kommunar og fylker blir slått saman til store og såkalla robuste regionar? Nødtvedt gir oss både meir og mindre tydelege svar, heile tida med glimt i auget.

 

Legg inn din anmeldelse

Koble til Facebook for å få et bilde av deg selv

Foreningen !les forbeholder seg retten til å godkjenne og redigere anmeldelser. Anmeldelsene vil kunne bli sitert/brukt av Foreningen !les i andre sammenhenger. Epostadressen blir ikke vist offentlig. Les om hvordan skrive en anmeldelse her.

Til toppen