Berge

Jan Kjærstad Aschehoug 2017

Nominasjonsjuryens begrunnelse:

Med Berge har Jan Kjærstad skrive ein roman om 22. juli som ikkje handlar om 22. juli. Handlinga er lagt til 2008, då Arbeidarpartipolitikar Arve Storefjeld og familien hans blir funne brutalt drepne på ei hytte i Nordmarka. Er det eit terrorangrep? Kan noko slikt skje i det fredelege Norge?

Berge er ei medrivande kriminalforteljing der tre ulike personar fører ordet: Ein journalist, ein dommar og til slutt mannen som skjuler seg bak romantittelen, Nicolai Berge. Kjærstad formidlar versjonane deira i sitt sedvanlege, fabulerande språk og med ein elegant variasjon av stemmer og stilartar. På snedig vis inviterer han lesaren til å vere med å dikte fram samanhengane i romanen. Parallellane til 22. juli, og til andre kjende drapssaker, er heile tida merkbare, men ingenting er heilt likt. Ved å vri det til på denne måten, tvingar Kjærstad lesaren til å tenkje gjennom forteljingane våre om 22. juli på nytt.

Berge er difor ein engasjerande og tankevekkjande roman, som ikkje gir så mange svar, men som får lesaren til å stille gode spørsmål – om korleis ein nasjon reagerer på eit terroråtak og om behovet for å finne forklaringar som gir oss fred.

 

Legg inn din anmeldelse

Koble til Facebook for å få et bilde av deg selv

Foreningen !les forbeholder seg retten til å godkjenne og redigere anmeldelser. Anmeldelsene vil kunne bli sitert/brukt av Foreningen !les i andre sammenhenger. Epostadressen blir ikke vist offentlig. Les om hvordan skrive en anmeldelse her.

Til toppen