Juryklassene Eid vgs

3. kl. påbygning ved Eid vgs

3. kl. påbygging ved Eid vgs

Vi er ein gjeng elevar som går påbygging saman i eitt år, og har bakgrunn frå fleire yrkesfaglege studieretningar, her er elevar som kan sveise, kople straum, pleie eldre, leike med ungar, lage god mat og dekorere omgivnadene våre. I tillegg kjem vi frå fleire forskjellige bygder i Sogn og Fjordane, her er elevar som har budd ute ved havet på Stad og i Vågsøy, og andre som har vokse opp mellom høge fjell lengre inn i Nordfjorden. Sjølv om vi berre har vore i lag dette skuleåret, er vi ein godt samansveisa gjeng som har det kjekt i lag.

Vi har no prøvt å lese åtte norske skjønnlitterære verk som kom ut i 2014, og det har vore ei heilt ny erfaring som har utfordra både tolmod, hjernebark og motivasjonen vår. No gler vi oss til å reise til Oslo og Litteraturhuset der vi endeleg får vite kva bok som alle juryane samla likar best – sjølvsagt håpar vi på at favoritten vår vert ein vinnar!

Å vere med på Ungdommens kritikerpris har vore ei oppleving for livet, det meiner i alle fall norsklæraren vår. Vi har møtt bøker som har vore svært utfordrande, som vi likevel likar fordi det arbeidet dei kravde av oss gav oss noko attende. Samstundes har det vore andre bøker som var så frustrerande at vi vart skikkeleg irriterte medan vi las.

Det beste med denne opplevinga har likevel vore alle dei interessante samtalane desse tekstane har lagt grunnlag for i klasserommet. Takk for oss!!