Juryklassen ved Skeisvang vgs

2STC ved Skeisvang vgs

2STC ved Skeisvang vgs

Kven er me som skal frigjere lesetalentet vårt? Jo, me er klasse 2STC ved Skeisvang vidaregåande skule i Haugesund. Ein skule som tilbyr dans, musikk, drama og studiespesialiserande linjer. Skulen er kjenneteikna av stor trivsel blant personalet og dei over 600 elevane. Det er eit stort mangfald i klassen vår, me er 29 elevar frå både bygd og by med forskjellige personlegdomar og meiningar. Skulen sitt motto er “Frigjør talentet ditt”. 2STC skal no få frigjere lesetalentet sitt!

Det var norsklæraren vår som utfordra oss i fyrste klasse. Ho lurte på om me ville lese mykje og god litteratur neste skuleår. Ho laga ei avstemming på læringsplattforma ”Its learning” om me skulle søke. Me trur at ho blei ganske overraska då heile 85% svarte ”Ja”. Med andre ord var/er både me og læraren vår sterkt motiverte for å frigjere lesetalentet vårt.

2STC tenkte det hadde vore kjekt å bli juryklasse, nettopp fordi me interesserer oss for og likar litteratur. Me hadde eit ynskje om  å utvide lærdommen vår og ordforrådet, ved å utforske ny, norsk samtidslitteratur, det får me no sjansen til! Me ser nå fram til å frigjere lesetalentet vårt og trur at me ved hjelp av UKP kan få eit unikt innblikk i norsk samtidslitteratur, samt bli betre lesarar.