Ungdommens kritikarpris presenterar Fyrstikkalleen vgs, 1STC

 I klassa vår går det 31 elevar som kjem fra ulike delar av Oslo Øst: Furuset, Hasle, Lindeberg, Mortensrud, Bjerke, Kalbakken, Grorud og Høybråten. Vi er Østkantens crème de la crème!

1STC ved Fyrstikkalleen vgs

1STC ved Fyrstikkalleen vgs

Vi er 1STC på Fyrstikkalleen skole, også kalla F21. Skulen ligg på Helsfyr i Gamle Oslo og er ein av få kombinerte ungdoms- og vidaregåande skular i landet. Det vil seie at vi har elevar frå 8. trinn til 3. klasse på vidaregåande. I klassa vår går det 31 elevar som kjem fra ulike delar av Oslo Øst: Furuset, Hasle, Lindeberg, Mortensrud, Bjerke, Kalbakken, Grorud og Høybråten. Vi er Østkantens crème de la crème!

Vi er ein aktiv og kreativ gjeng med mange ulike fritidsinteresser: Fleire driv med fotball og hockey, som er  populære idrettar i vårt område av byen. Nokre dansar og driv kampsport og vektløfting, og vi har óg ein elitespelar i sjakk i klassa vår. I tillegg er kunstneriske interesser representert ved at vi har habile teiknarar blant oss. Alt i alt er dette ei gruppe sosiale, trivelege, imøtekommande, sporty og morosame elevar – til tider kaotiske, men vi kan kalle det eit kreativt kaos.

Fleire i klassen likar å lese, men det å lese nyare norsk samtidslitteratur er nytt for dei fleste.  Spenningslitteratur som fantasy og krim er det dei fleste vel å lese sjølve. Populære bøker er Harry Potter- og Percy Jackson-bøkene, men Drageløperen, 50 shades of Grey  og A Clockwork Orange er også favorittar hos nokre elevar. Det blir spennande å sjå om bøkene til Roy Jacobsen, Nikolai Frobenius eller Merethe Lindstrøm blir å finne på favorittlista når vi oppsummerer i mars.

Kva ønsker vi å få ut av prosjektet ”Ungdommens Kritikerpris”? Vi ønsker å bli enda flinkare til å lese og å skrive.  Vi ønsker å utvikle betre leseforståelse, auke lesehastigheten vår, og å bli meir oppmerksame lesarar. Vi håpar óg at det å vere juryklasse vil gjere at vi får enda meir lyst til å lese.