Feite kulturbeite

Av Sofie Braut, Lektor
Først publisert i Stavanger Aftenblad 10.03.15

Er det det same kva ungdom les, berre dei les? Eller spelar lesinga ei rolle for livet? For verda?

KRIM ER LITTERÆR LOFF, og sjølvutviklingslitteraturen er reine sukkerbomber i det intellektuelle kosthaldet, men den årlege utdelinga av Ungdommens kritikerpris gjev von om at norsk ungdom likevel ikkje treng veksa opp på intellektuell fattigmannskost. Det er jo, som med det meste anna, likevel opp til om vi vaksne gidd.

NYLEG VART Ungdommens kritikerpris 2015 tildelt forfattar Birger Emanuelsen for romanen «Fra jorden roper blodet». I desse dagar er det dessutan ti år sidan Ungdommens kritikarpris vart skipa i samarbeid mellom Foreningen !les, Utdanningsforbundet, Lesesenteret i Stavanger, Norsk Kritikerlag og Den norske Forleggerforeningen. Det har vore ti år med interessante erfaringar som gjeld ungdom og lesing, og ti år med ein pris som gradvis har vakse i omdøme og prestisje. Kvart år les utvalde juryklassar i vidaregåande rundt om i Noreg åtte nominerte bøker utgjevne same år. Dei unge kjempar og ler og let seg skaka og kjenner friksjonen i litteratur som ikkje er spesialtilpassa deira aldersgruppe.

Dei nominerte titlane famnar vidt i alt frå tematikk til forteljarteknikk, og for dei involverte 17–18-åringane er det å komma seg gjennom dei åtte nominerte bøkene ein real kraftprestasjon. Ikkje alle les alt, men ideen er at alle i dei sju juryklassane skal vera med, alle skal danna seg eit inntrykk av dei nominerte bøkene. Bøkene skal vurderast og sorterast, men ikkje berre på instinkt. Ein skal leita seg fram til ein standard og einast om kvalitetskriterium. Sjølv for lesehestane er altså dette opplegget ei utfordring. For mange andre er det å lesa norsk samtidslitteratur om lag like aktuelt som å feriera på Grønland.

OFTE HØYRER EIN UTTRYKK SOM «Ja, ja, berre dei unge les, så er det ikkje så farleg kva» Det er sikkert realismen og den erfaringsbaserte omsorga som snakkar her. I det større perspektivet vert likevel ei slik haldning altfor defensiv. For å seia det med eit sitat frå vinnaren av årets pris, Birger Emanuelsen: «Det har noe å si hva dere leser, hva dere skriver, mener og tenker. Livet gjenskapes hver morgen, og de tingene dere leser, sier og gjør er med på å gjenskape verden.» Emanuelsen, set utan å blunka, lesinga inn i den store samanhengen ovafor ungdommane. Lesinga speler ei rolle for livet, for verda. Det er ikkje berre det å lesa, men også kva ein les. Ja. Kvifor ikkje sjå akkurat så stort på det?

EG SKAL IKKJE TRØYTTA LESAREN med detaljar frå bokhandlarane sine salsstatistikkar, det er vel kjent kva vi finn der. Krim og sjølvutvikling. Kvinnetilpassa titlar ikledd duse pastellomslag og ei handfull barske biografiar. Å legga til rette for danning i eit lite og kulturelt marknadstilpassa land som vårt, krev at ein tek grep. Ein kan, slik det vart gjort ved etableringa av Ungdommens kritikerpris, rett og slett insistera på at ungdom skal eksponerast for kvalitetslitteratur, dei skal få reagera på han, samtala om han, kjenna at dei veks på erfaringa han gjev dei.

I si briljante bok «Stå imot» (Press forlag, 2015) tek danske Svend Brinkmann eit vittig og tankevekkande oppgjer med dei stadige krava om sjølvutvikling i det han treffande kallar det akselererande samfunnet vi lever i. Eitt av hans kortfatta punkt for å stå i mot er som følgjer: «Les en roman». For eigen del får eg nesten lyst til å legga til: ikkje ein krimroman. Kvifor? Det er forfriskande å lesa noko som ikkje er skrive etter ei fast oppskrift, det er interessant å delta i ei verd der ikkje alt graviterer mot mord og oppklaring. Men også velskrivne krimromanar opnar mennesket for nye erfaringar, og andre tilnærmingsmåtar enn ein sjølv er i stand til å sjå føre seg. Brinkmann ser uansett romanen som ein pause frå det sjølvsentrerte, som ei motvekt mot forenklingane i biografi- og sjølvhjelpslitteraturen.

DETTE SER EIN avtrykk av i det elevjuryen uttalar om Emanuelsens vinnarbok: «Den lever fortsatt i oss, og vi sitter igjen med mange spørsmål om karakterene og relasjonene i boka».

Det elevane her seier er nettopp det motsette av eit kultursyn der litteratur først og fremst er ei forbruksvare som berre eksisterer for at eg skal underhaldast, eller for å få stadfesta mi rolle som sentrum i eige univers. Her har ikkje krimgåta blitt oppklara eller den lineære forteljinga fått sitt logiske punktum. Nei, her sit dei unge igjen med undring, her er det plass til ein lesar som sjølv resonnerer og engasjerer seg i komplekse relasjonar. Det er håp!

Slike tankar oppstår altså i dei unge når dei får brynt seg, når vaksne har vett nok til å ta dei med til litteraturen, utan å bry seg med knisinga, dei høge augnebryna, protestsukket over fem hundre uoverkomelege sider. Det er då ingen som vert vaksen utan friksjon!

ETTER Å HA VORE INVOLVERT i arbeidet med Ungdommens kritikerpris fleire gonger, no sist på VG2 automasjon ved Dalane vgs., slår det meg kor tid- og energikrevjande eit prosjekt som dette er når det rullar inn som eit tillegg til alt det andre ein lærar må gjennom i undervisningsåret. Det står respekt av innsatsen og tolmodet hjå både lærar og elevar. Men kanskje det er akkurat så viktig og tidkrevjande litteratur og danning er. Det er oppløftande at nokon tek seg bryet!